Ein blogg om tradisjonell tru, liv og lære

"Teach, however, what thou hast learnt; that whilst thou sayest things in a
new way thou say not new things..." Sankt Vincent av Lerins

17. apr. 2012

Kort om Latin

Mange undrar på kvifor det offisielle kyrkjespråket framleis er latin, og tenkjer at dette skulle distansere dei truande frå sjølve trua. Dette er ikkje ståa i det heile, der er mange gode grunnar for å forsvare nyttinga av latin i Kyrkja..
               Det stemmer t.d. ikkje at Kyrkja gjennom å bruke Vulgata, den Latinske Bibeloversettjinga av Septuaginta, freista å gjere Bibelen utilgjengeleg for lekfolket. Gløym ikkje at det Gamle Testamentet i hovudsak var skrive på hebraisk og det Nye Testamentet på gresk, språk som ikkje var like utbreidde i verda. Då den Katolske Kyrkja byrja under Romarriket sitt styre, var det universelle språket som vart tala i riket latin. Kyrkja gjorde difor skriftene sine og læra si meir tilgjengeleg for alle gjennom å nytte latin. St.Peter flytta og Kyrkjesetet til Roma og den Katolske Kyrkja sitt styre har vore sentrert rundt Roma gjennom tidene. Det var berre naturleg at det offisielle kyrkjespråket vart nett latin. Etter kvart som tida gjekk, held latin fram å være dei lærde sitt språk, ja, heilt inn på 1800-talet. Men der er andre fordelar med språket og.
            Eit universellt kyrkjespråk skapar einskap i den universelle Kyrkja på eksepsjonelt vis: Økumeniske Kyrkjemøte t.d., har alltid vorte halde på latin. Dette gjer at alle Biskopar og Prestar lett kan kommunisere med kvarandre uansett kvar i verda dei kjem ifrå. Ingen vert halde utanfor pga. språkproblem og ingen lokale Kyrkjer og utkantar treng å leve i ignorans om lærer og vedtak.
            Ein annan fordel er at latin, i motsetnad til engelsk, tysk, fransk og andre talespråk, ikkje endrar seg med tida. Det er eit språk som i dag berre er levande i Kyrkja. Det let seg ikkje påverke av nasjonale skilnader, slang, immigrasjon, modernisering o.l. Det er difor eit ypperleg språk å bevare den sanne trua i. Det som stod ein gong tyder det same i dag som då. Slik vert og den Heilage Messeliturgien bevara frå århundre til århundre, utan yttre påverknad eller teologisk korrupsjon. Latin er slik med og garanterar at Messa er Sann, Rein og Heilag når ho vert feira på same språk, med same ordlydnad og innehald på alle stader til alle tider i Kyrkja. Ein kan og som Katolikk gå inn i ei Katolsk Kyrkje uansett kvar ein befinn seg i verda, om ein er på reise, på ferie, på flyttefot, og kjenne att kva det er som hender. Har ein ei messebok med latin på sitt eige språk, noko som stort sett alle Katolikkar i dag har og har hatt i ei lang tid, so kan ein fylgje Messa som vanleg uansett kvar ein er og lese både dagens tekstar og dei faste ledda på sitt eige språk. Det er dessutan slik at Evangeliet, Epistelen og sjølve preika alltid er på lokalspråket, nett for at folket skal lære seg trua og kjenne Bibelen.
              Latin er og eit særs nyansert språk, og der er aldri tvil om kven det er som seier noko, kven dei seier det til eller talar om. Ikkje som i engelsk, der bodskapen ofte kan være tvetydig og forvirrande og gjerne tolkast på fleire vis.
               Dessutan skal ein ikkje gløyme at ein Katolikk ikkje kjem til Kyrkja for å verte underhalden. Det er ikkje meininga at ein skal sittje der som ein passiv tilskodar og berre få og få. Den Katolske Messa set ikkje mennesket, men Gud i sentrum. Det spelar ikkje noko rolle kva du skjønar eller ikkje skjønar av alle ord som vert sagde. Du er der for å JOBBE på di eiga frelse. Du er der for å tilbe Gud gjennom å be og prise Han, du er der for å meditere over dei heilage mysteriuma i Trua, du er der for å ransake samvitet ditt og for å sanne syndene dine, du er der for å be og offre opp bøner for deg og dine, for brør og systrer i trua på jorda og i skjærselden, og du er der for å tilbe Kristi Lekam, Blod, Sjel og Guddom i det Heilage Sakramentet som er framfor deg og som du får ta del av i Eukaristinen. Vanvørd ikkje Kyrkja sitt språk, for det er ein Heilag del av Tradisjonen som alt anna. Argumenta ovanfor syner berre på Guds store visdom som har sikra ei Tru og ein Tradisjon og den universelle einskapen i Kyrkja gjennom å late eit so spesielt språk som latin bære utfordringane på hendene og unnvike dei konfliktane som elles skulle ha dukka opp i ein global organisajon.

14. feb. 2012

Generelt om Tradisjonen! av Msgr. George Agius, frå boka "Tradisjon og Kyrkja" år 1928

Msgr. Agius (1873-1962) kom frå ei lita øy kalla Gozo, utanfor Malta. Han hadde to doktorgrader, ei i Teologi og ei i Kanonisk Lov og gjekk i klasse på universitetet med den komande Pave Pius XII. Han døydde same år som det II Vatikankonsiliumet byrja (ei Guds nåde for han sin del at han slapp å sjå dette juksekonsiliumet..) etter å ha verka 67 år som Prest.

2 Tess 2:14 "Så stå då støtt, brør, og hald fast på det som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev."

Generelle forestillingar om Tradisjon!
Med Tradisjon meinast alt som vert overlevert, og dessutan vegen og verkemiddela som objektet vart gjeve oss gjennom.
Den rette kjelda for Openberring er Guds Ord, som både er skrive og uskrive. Det skrivne Ordet er oppbevara i Skrifta; det uskrivne Ordet i Tradisjonen.
              Når me talar om det uskrivne Guds Ord, meinar me ikkje at det aldri har vorte nedskrive, men at det aldri vart nedskrive av den mann som Gud openberra det for. Det vart gjort til eit skriftleg dokument etterpå av vedkommande sine læresveinar, eller av andre som høyrde det frå vedkommande sine lepper.
              Ordet tradisjon, når ein tenkjer på det som eit objekt, tyder kva det skulle vere som vert overlevert eller sendt vidare; i denne meininga vert det kalla for aktiv Tradisjon. Denne aktive Tradisjonen inkluderar då naudsynt objektet som vert overlevert til oss. På same vis utgår objektet Tradisjon frå at me har ein aktiv Tradisjon, og at han ikkje kunne ha nått fram til oss utan denne. Me må difor alltid ta imot Tradisjonen som denne komposisjonen, det vil seie; som samansett av to delar- handlinga av overføring og det som faktisk vert overført. Ein tradisjon som vert tilnærma i sitt objekt mister alt verde utan den aktive tradisjonen som overleverte han. Me kan verken forklare eller forstå ein tradisjon utan kjennskap til kjelda, handlinga, vegen og middela som han nådde oss gjennom. I dei komande sidene må Tradisjon difor alltid skjønast som ikkje berre ei akseptert doktrine, eller ein skikk som var rådande på Apostoliske tider, men og som vegen og middela som denne læra eller skikken har komme til oss gjennom.
              For å gje eit døme, so nemner ikkje Skrifta kva dag det var som Jesus Kristus vart født. Men ein gammal Tradisjon fortel oss at Guds Son, som menneske, vart født den 25.desember. Sjå, dette er objektet av ein Tradisjon. Kyrkja aksepterte og sette denne datoen som tidspunkt for feiringa. Kristne- i lydnad til Kyrkja- har observert denne Tradisjonen kvart ende år etter at Kristus for opp til Himmelen. Sjå, den aktive Tradisjonen. Dette er dei to elementa: Trua på at Jesus vart født den 25.desember; og den utlærande Kyrkja som sette datoen for feiringa av høgtida.
              Observasjonen av Påske, fredagsfasta (då ein avstår frå kjøtmat), feiringa av Sundag istadenfor laurdag... På desse områda er Skrifta stort sett tyst. Men Tradisjonen fortel oss at slik vart det gjort på Apostoliske tider.Kyrkja godkjende sedane og førte dei vidare frå generasjon til generasjon, like fram til vår eiga tid. Apostlane skreiv ikkje om dei. Kvifor skulle dei det? Dei vart vurderte som noko sjølvsagt. Nokre av dei tidlegaste Kristne, læresveinane åt Apostlane, og i visse høve desse sine læresveinar, var dei som skreiv om dette for å innprente i dei Kristne frå si eiga samtid kva det var Apostlane hadde lært ut og forkynt. Det same gjeld andre disipliner og doktriner som ikkje hadde vorte nedskrive, men som vart trudd og praktisert.
                 Difor, kvar ende gong det er tale om Tradisjon generelt, meinar me alltid denne "Komplekse Tradisjonen"- objektet med overføringsmetode, det vil seie, med Kyrkja som gjev det verde og autoritet. Begge går i lag, som filosofane seier, som materie og form. Det er på dette viset som Kyrkjemøtet i Trient skjøna og vurderte Tradisjonen. Dei erklærte høgtidssamt: "All openberra doktrine og disiplin er og oppbevara i den uskrivne Tradisjonen, som me har motteke gjennom Apostlane frå Kristi eigen munn, eller frå dikteringa av den Heilage Ande gjennom dei same Apostlane, som har nådd oss som om det hadde vorte gjeve til oss.".."dei same Tradisjonane, som høyrer til Trua og disiplinar, oppretthalde av ein framhaldande suksesjon i Kyrkja, aksepterer og vyrdar me med same kjærleik og æra." (Konsiliumet i Trient, Seksjon IV)   

10. feb. 2012

Kyrkja kom innan det Nye Testamentet! Del 2 av 2

 
4) Men no seier de kanskje, "Kva var då poenget med å skrive Evangelia og Epistlane i det heile tatt? Var det ikkje Gud som inspirerte dei til å skrive dei? Foraktar og underdriver du ikkje betydelsen av Guds Ord?" Nei, ikkje i det heile tatt, me berre set det på sin rette plass, den plassen som Gud meinte at det skulle ha. Eg vil dessutan gjerne leggje til at den Katolske Kyrkja er den ende lekamen i desse dagar, som lærer ufeilbart at Bibelen, i sin heilskap, ER Guds Ord, og som forvarar at den er inspirert, og som avviser og exkommuniserar kvar ende ein som vågar seg til å stille spørsmål om Bibelens Gudommelege opphav og autoritet.
          Eg har sagt det før og eg seier det igjen; at dei separate bøkene i Nye Testamentet fekk sine oppkome for å møte særskilde krav, som svar på særskilde behov, og var ikkje då og heller ikkje no, absolutt naudsynte verken for forkynninga eller for kontiuniteten av Kristi Evangelium.
           Det er lett å sjå korleis Evangeliet gjekk framover. So lengje som Apostlane framleis levde, var der ikkje eit slikt pressande behov for nedskrivne referat av Herrens ord og gjerningar. Men då tida var inne for desse å forlate dette jordelivet, vart det meir naudsynt at ei korrekt, autoritær, påliteleg kjelde frå dei som personleg hadde kjend og kunne vittne om Vår Herres liv, eller som i det minste hadde ein posisjon av fystehands informasjon, vart att. Verda trong ukorruptert informasjon om dette. Og dette vart enno meir naudsynt etter kvart som det dukka opp og vart distribuert rundt feilaktig, utro, reint av falske Evangelium, som var iskaldt kalkulerte for å latterleggjere og skape så mykje skade som berre mogeleg på Vår Herre og hans karaktær og gjerning. St. Lukas gjer det heilt klart at det var på grunn av dette problemet at han byrja å skrive sitt Evangelium- "Mange har alt freista å skriva opp det som hende hjå oss." (Luk 1:1) Han held fram med å fortelje at han har informasjonen sin frå augevittne, at han har granska alt vel frå fyrst av, og har sett seg føre å skriva det opp i samanheng for at ein skal kunne ha eit påliteleg og korrekt vittnesbyrd om Kristi liv. Difor skreiv St. Matteus, St. Markus, St. Lukas og St. Johannes ned Evangelia for Kyrkja sitt bruk, og den eine utfyller ofte det den andre har utelete, utan at nokon av dei hevdar at dei har fått med absolutt alt som Jesus sa og gjorde, for om nokon hadde freista å gjere dette, fortel St, Johannes oss at: "Heile verda skulle ikkje kunne rumme dei bøkene som då måtte skrivast." Evangelia er difor ukomplette, ja berre fragment, sjølv om dei gjev oss dei viktigaste tinga me treng å vite om det jordiske livet til Vår Frelsar. Men framleis fortel dei oss ikkje alt som var å vite, eller mykje som me idag faktisk veit og skjønar betre gjennom den Katolske Kyrkja si lære, som har bevara tradisjonar som har vorte vidareført frå tida som Apostlane levde og frå generasjon til generasjon etter dette. Desse Evangelia vart lese, som dei og vert lese av Katolikkar i dag, på samlingane av Kristne i urkyrkja på Sundagar- ikkje for å male fram eit skjema av doktriner som dei allereie kjende til, men for å gje dei styrke, for å auke kjærleiken og truskapen deira til Jesus Kristus, og for å oppmane dei til å etterfylgje den høgt elska Mesteren sitt døme då Hans ord og gjerningar vart opplese høgt for øyrene deira.
                Det som eg har sagt om Evangelia er like sant om Epistlane, som gjer opp for nestan alt anna som er att av det Nye Testamentet. Dei fekk sitt oppkome til ulike tider for å møte pressande behov og ståe. Dei var adresserte til einskilde individ og grupper på ulike stader, og ikkje til heile Katolske Kyrkja på ein gong. Forfattarane hadde ikkje ein gong i tanken at desse breva skulle samlast til ei utgåve og gjort til ein komplett og "alt du treng å vite" oppslagsbok for Kristen tru og moral.
              Korleis kom dei til å eksistere? På denne naturlege og enkle måten: St. Peter, St. Paulus og dei andre reiste ut til ulike land, forkynte Evangeliet, konverterte tusenvis, grunnla Kyrkjer på kvar plass, vigde prestar til å styre over Kyrkjene, og ved visse høve biskopar (som t.d.Timoteus i Efesus). No var det slik at desse prestane og konvertittane fekk mange høve der dei vart nøydde til å spurje sine andelege fedrar og stiftarar om råd, som St. Paulus eller St. Jakob, særskild når det gjelde spørsmål om doktriner og skikkar, eller om moral; for me treng ikkje å innbille oss at på dette tidspunktet, då Kyrkja var i spedbarnsstadiet, at alt stod so klart for alle og var so vel formulert som det er i dag. Det var sjølvsagt den same Trua då som alltid, men der var likevel saker der desse nykristna var takksame for å kunne konsultere Apostlane, dei som hadde vorte utsende med Jesu Kristi salving ferskt på seg. Det var berre dei som kunne sette fast dogmer, ritual, styre og utførelse. Det er på grunn av dette at St. Paulus skriv til Efesarane (dei han hadde omvendt i Efesus), eller til Korintarane (dei han hadde omvendt i Korint), eller til Filipparane (dei han hadde omvendt i Filippia), og slik held det fram. (14 Epistlar alt i alt). Og kvifor? Enten som svar på kommunikasjon han hadde hatt med dei, eller fordi han hadde høyrt frå andre kjelder at det var noko som gjekk for seg som krevde rettelse på desse plassane. All slags emne er tekje opp i desse breva, ofte med ein særs kvardagsleg stil. Det var gjerne for å gje råd til konvertittane, for å formane dei når dei gjorde feil, for å oppmuntre eller for å instruere dei. Det var og for å forsvare seg imot falske anklager. Det kunne og vere, som i brevet til Filemon, eit brev om ein privatperson som Onesimus, slaven.  
             Men uansett kva Epistlane handla om, er det klårt som middagssola at dei vart skrive til einskilde tider, for å møte einskilde behov som oppstod naturleg i tida som misjonsverksemda stod på, og at verken St. Paulus eller dei andre Apostlane tenkte at desse breva skulle representere og forme all teologi og lære om Kristen frelse, på same vis som Pave Pius X ikkje tenkte at hans Dekret mot Modernistar, eller hans Brev om Heilaggjeringa hjå dei Prestevigde skulle representere alt ein treng å vite. Det heile verkar å bevise seg sjølv. Eit døme er då Leo XIII skreiv til den skotske Biskopen om Heilag Skrift, eller Pius X skreiv til den Eukaristiske Kongressen i London om det Heilage Sakramentet, og då han skreiv sitt "Decree on Frequent Communion" eller kvar gong ein Biskop sender ut eit brev der han fordømmer løynde foreiningar, eller sender ut eit pastoralt brev ang. dei nye ekteskapslovene- skal me då seie at desse dokumenta var meinte å lære ut den heile og fulle frelsningsvegen til alle menneske? At dei påstår seg å innehalde heile den Katolske truvedkjenninga? Ein treng berre å stille spørsmålet for å sjå kor absurd det høyrest ut. Men ein kan stille nett same spørsmål når det gjeld St. Paulus sine Epistlar. Visst er det sant, han var ein Apostel, og difor var han inspirert, og breva han skreiv er det skrivne Guds Ord, noko som gjer at dei har endeleg og bestemmande autoritet på dei emna dei handlar om, dersom dei vert tolka rett..Men dette endrar ikkje det faktum at dei ikkje nokon stad hevdar å innehalde den heile Kristne sanninga, eller å vere ein fullstendig guide til frelse for alle. Breva utgår ifrå at lesarane som dei er adresserte til, allereie har kunnskap om den Kristne Trua; dei er då skrivne til dei som trudde, ikkje til dei som ikkje trudde. Med andre ord; Kyrkja eksisterte og hadde sitt virke innan breva vart skrive, og Ho ville ha halde fram å ha sitt virke sjølv om dei aldri skulle ha vorte skrive i det heile. Breva som vart skrive av St. Paulus (som me her nemner berre som eit utdrag av alle) vert daterte frå år 52 e.Kr. til år 68 e.Kr; Jesus Kristus for opp til Himmelen, og etterlet ei Kyrkje som skulle evangelisere for verda, år 33 e.Kr. Me kan og sei med sikkerheit at dei kjeldene der me skal ha minst forventningar om å finne ei komplett oppsummering av Kristen doktrine, er i dei Nytestamentlege Epistlane.
                Der er ikkje noko grunn til å dra ut emnet mykje lengre. Eg tykkjer at eg har gjort det ganske klart for dykk korleis dei ulike Nytestamentlege bøkene fekk sitt oppkome. Og gjennom å forklare dette har me ikkje på nokon måte undervurdert Guds skrivne Ord, eller plassert det i ein kategori som er under det Skrifta fortenar. Me berre syner kva for posisjon det var meint å ha i den Kristne Kyrkja sitt fellesskap. Det var skrive av Kyrkja, av medlemmar (Apostlar og Evangelistar) i Kyrkja, Skrifta tilhøyrer Kyrkja, og det er difor Hennar verv å forklare kva Skrifta er. Dei Heilage Skriftene er til for å instruere, for meditasjon, for andeleg lesning, for oppmuntring, for andakt, og tener og som bevis og vittnesbyrd for Kyrkja sine lærer og Guddomelege autoritet; men som fullstendig og einsam guide til Himmelriket, rett i handa på kvar og ein av oss- detta var ikkje og skulle aldri verte bruket med Skrifta.
                 Bibelen i Kyrkja; Kyrkja innan Bibelen- Kyrkja som skaparen og tolkaren av Bibelen- dette er korrekt. Bibelen over Kyrkja; Bibelen uavhengig av Kyrkja; Bibelen, og berre Bibelen som den Kristne Religionen- dette er feil. Den eine er den Katolske posisjonen, den andre er den protestantiske posisjonen.

30. jan. 2012

Kyrkja kom innan det Nye Testamentet! Del 1 av 2

(Henta frå boka "Where we got the Bible" av Henry G. Graham i 1911.
Eg har nokre ekstra kopiar av denne boka heime, og dei som er særskild interesserte i å lese boka på engelsk, kan emaile meg ei postadresse, so skal dei få boka gratis av meg. Boka kan og bestillast på http://www.tanbooks.com/)

1)..No hugsar de sikkert at eg har sagt at nett som det var med det Gamle Testamentet, so vart heller ikkje det Nye Testamentet skrive ned alt på ein gong, eller av ein mann, men at det gjekk minst 40 år frå den fyste boka vart skrive til den siste boka vart skrive. Det Nye Testamentet er bygd opp av dei fire Evangelia, 14 Epistlar av St. Paulus, to av St. Peter, ein av St. Jakob, ein av St. Judas, tre av St. Johannes som og skreiv Johannes Openberring og Apostelgjerningane som St. Lukas skreiv og som dessutan skreiv det tredje Evangeliet. Me har difor i denne boksamlinga verk av minst 8 ulike forfattarar; og frå året då den fyste boka vart skrive (mest sannsynleg Matteus Evangeliet) og fram til året då St. Johannes skreiv sitt Evangelium, gjekk det omlag eit halvt århundre. So vidt me veit, skreiv ikkje Vår Herre Jesus Kristus noko sjølv- iallefall ikkje noko som har vorte bevara. Han ba heller aldri Apostlane om å skrive noko. Han påla dei ikkje å skrive ned alt det som Han gav dei: Men Han sa, "Gå de og lær alle nasjonar," "forkynn Evangeliet til kvar skapning," "Den som høyrer dykk, høyrer Meg." Det Han meinte og befalte dei å gjere var nett det som Han sjølv hadde gjort, nemleg å gje Guds Ord til menneska ved hjelp av den levande tale- å overtyde, bevise, instruere og omvende dei gjennom å forkynne for dei andlet til andlet, til levande menn og kvinner; ikkje å overgje denne bodskapen til ei død bok som kanskje skulle forsvinne eller verte øydelagd, og verte misforstått og mistolka og korruptert, men tiltrudd ein tryggare og meir naturleg veg å presentere sanninga på for verda, gjennom munnleg forkynning og gjennom opplæring av andre til å gjere det same etter at dei sjølve var vekke. Slik, gjennom ein levande Tradisjon vart Guds Ord bevart og gjeve vidare ettersom dei tok imot det, til alle generasjonar.

2) Og dette vart, noko som er sant og visst, metoden som Apostlane adopterte. Berre fem av dei tolv skreiv ned noko i det heile, som har vorte bevara ned til denne dag; og av dette vart ikkje eit ende pennedrag gjort før minst 10 år etter Kristi død, for Jesus Kristus vart krossfesta i år 33 e.Kr., og den fyste av dei Nytestamentlege bøkene vart ikkje nedskrive før omlag år 45 e.Kr. Ser du kva som kjem her? Kyrkja og Trua eksisterte før Bibelen; det verkar som eit elementært og enkelt faktum som ingen kan fornekte eller nokon gong har fornekta. Tusenvis av menneske vart Kristne gjennom Apostlane si verksemd og Kristi misjonærar i ulike land, og dei trudde på den heile Gudssanninga som me trur på henne no, og dei vart Helgenar, lengje innan dei fekk sjå eller lese, og innan det i det heile var mogeleg å sjå eller lese ein ende setning frå den Inspirerte Skrifta av det Nye Testamentet, av den enkle grunnen at det enno ikkje eksisterte slike Skrifter. Korleis vart dei so Kristne? På same vis, sjølvsagt, som heidningar vert Katolikkar idag; gjennom å høyre Guds sanning frå lippene til Kristne misjonærar.
            Då dei 12 Apostlane samla seg i Jerusalem og delte opp verda som dei kjende henne seg imellom, for å nå desse områda med Evangeliebodskapen, fekk kvar Apostel tildelt eit område. (St.Thomas fekk t.d. India), og dei andre fekk andre område. Korleis freista dei å evangelisere for desse menneska? Hadde dei tenkt å gje kvar og ein av dei eit Nytestamente? Noko slikt eksisterte ikkje, og me kan sei med sikkerheit, dette vart ikkje tenkt på eingong. Kvifor lova Vår Herre dei Den Heilage Ande sine gåver og befalte dei å vere "vittne" om Han? Og kvifor, dessutan, kom den Heilage Ande ned over dei 12, og gav dei krafta til å tale på ulike språk? Kvifor, om det ikkje var for at dei skulle kunne "forkynne Evangeliet til kvar ende skapning" på det tungemålet som kvar skapning hadde.

3.) Eg har sagt at Apostlane fyst aldri tenkte på å skrive det Nye Testamentet; og det gjorde dei heller ikkje. Dei Nytestamentlege bøkene vart produserte og bore fram under særskilde ståe som oppstod, ja, dei vart skrive for å imøtegå særskilde krav og krisar som dukka opp. Ingenting var lenger vekke frå Apostlane og Evangelistane sine tankar enn idèen om å forfatte verk som skulle samlast og formast til ei heilag bokskrift som skulle representere Kristendomen. Me kan berre sjå for oss korleis St.Paulus skulle ha måpa i forundring om han hadde fått vite at dei Epistlane han skreiv, saman med Epistlane til St. Peter og St. Johannes og dei andre skulle verte samanbunde og opplyfte til ein posisjon av fullstendig og uttømmande utsegn av Kristen doktrine. At kvar og ein skulle få ein kopi av skriva i handa som ei enkel og ufeilbar rettesnor i tru og moral, uavhengig av nokon levande læreinstans til å tolke dei. Ingen skulle ha vorte meir sjokkert over denne tanken; at Paulus skriv skulle røve vekk ein autoritativ lærar, Kyrkja, enn den kjende Apostelen som sjølv sa:  "Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord." Faktum er at ingen kjend religion har spreidd seg mellom menneska på anna vis enn ved munnleg forkynning, og særskild alt som gjelde den naturlege og andelege posisjonen til Apostlane på eine kanten, og til jødane på andre kanten, som båe var imot utbreiinga av Kristendomen gjennom skriftlege referat. 
            Det jødiske foket var ikkje vane til det, og heidningane skulle ikkje ha forstått det. Sjølv protestantiske forfattarar av "høgste rang" vert tvinga til å innrømme at den levande læra til Kyrkja var naudsynt og den metoden som vart vald av Jesus Kristus for spreiinga av Hans Evangelium, og at bestemmelsen om å skrive alt ned var ei seinare utvikling som var underordna Kyrkja. Dr. Westcott, biskop av Durham, den høgste autoriteten i den Anglikanske "kyrkja", og som er ansett av alle som ein høgt lærd i Bibelkanonen, sa (The Bible in the Church-s.53 og framover): "Om ein skal verdsette den Apostoliske tidsalderen i sin essensielle karakter, vert det naudsynt å forkaste alle idéar om eit samla NyTestamente, men og i stor grad idéane som har oppkome om at der skulle vere fleire gupperingar av skrifter som dei er forfatta ut ifrå. Det fyste arbeidet som Apostlane utførte, og som alle funksjonane deira vaks ut ifrå, var å bere fram med levande ord personlege vittnesbyrd om kjerna i Evangeliet. Gjerningane, Døden og Oppstoda til Vår Herre. Det var berre etter ei lang tid og under innflytelse av yttre faktorar, at dei skreiv ned vittnesbyrdet eller delar av det. Deira fyste kall var å forkynne. Det faktum at dei starta ein kontinuerleg misjon for alle tidsaldrar, som fekk i oppgåve å bevare og føre vidare den glade bodskapen, ikkje forma etter eigne idéar som dei fekk og ikkje etter befaling frå ein annan instans, men etter den mystiske krafta som dei hadde motteke...Den gjentatte erfaringa frå mange tidsaldrar, har synt oss at å ha eit permanent referat av Hans ord og gjerningar, tilgjengeleg for alle, ikkje er naudsynt for at den Lekamlege Kyrkja skal leve og halde fram på ein rein og sunn veg." og igjen: "Når Apostlane tala, hevda dei at dei hadde Gudommeleg autoritet, men dei hevdar aldri at dei har eit nedskrive system av Kristen Doktrine. Evangelium og Epistlar, med unntak av St. Johannes skrifter, vart kalla fram av særskilde ståe. Der er ikkje eit ende spor av utforma samband mellom dei separate skriva, utanom mellom Lukas Evangeliet og Apostelgjerningane (og av St. Lukas), og heller ingen spor av ein yttre einskap eller fullføring av ein samla Kanon. Tvert imot, er det ikkje usannsynleg at fleire av St. Paulus Epistlar har gått tapt. Og sjølv om det er eit faktum at dei bøkene som er att passar ihop og utgjer ei perfekt form, so har ikkje denne fullendinga oppstått pga eit redigeringssamarbeid mellom forfattarane, men etter viljen hjå Han som gav dei kraft til å skrive og forme.
           For ei kontrast desse klare orda frå ein lærd mann utgjer, til den vanlege villfarelsen som verkar å ha gripe tak i so mange sinn- at Bibelen, fullstendig og samanbunden, ramla ned frå Himmelen etter Pinsedagen; eller, i det minste, at dei 12 Apostlane sette seg ned i lag i eit rom, pennar i hendene, og skreiv ned mens dei sat der alle dei Nytestamentlege bøkene! Og lat meg kort sitere, for å underbygge poenget eg vil ha fram, at det Nye Testamentet aldri kunne ha vore tenkt som den ende reiskapen til frelsa. "Det hadde gått ei betydeleg stund etter Kristi Himmelferd" (skriv den protestantiske forfattaren av Helps to the study of the Bible s.2), "før ei ende av bøkene som hamna i det Nye Testamentet faktisk vart skrive. Den fremste og viktigaste oppgåve til Apostlane var å overgje eit personleg vittnesbyrd om dei viktigaste faktorane av Evangeliet si historie. Deira lære var fyst og framst munnleg, og dei hadde ikkje som intensjon å forfatte ein permanent litteratur." Dette ser eg på som verdifulle innrømmelsar..

forts..